Hilde K. Kvalvaag og Eli Fossdal Vaage kom begge med nye romanar våren 2026. Dei har fleire fellestrekk, både i skrift og liv. Begge er strilar med røtene djupt planta på Vestlandet, og begge skriv fram utprega kvinnelege erfaringar i romanane sine.
Dei les og fortel frå årets bøker og prater med kvarandre om makt og omsorg, livslange vennskap, demens og kjærleik, om kvinner som blir verande og kvinner som går - og ikkje minst, om å insistere på å gje eit språk til kvinnelege erfaringar som ofte ikkje blir sett på som allmenne eller høgverdige nok for litteraturen, og korleis det er å komme frå små utkantar og ha eit ønskje om nettopp å vere kvinner som skriv.
Tid: Torsdag 19. november kl. 18.00–19.00
Stad: Askøy folkebibliotek
Foto: Tove Breistein og Linn Heidi Stokkedal.